Langhelga før sjølvaste nasjonaldagen la me i veg, og hadde ein plan om å gå Lysefjorden rundt i løpet av dei fire dagane me hadde til rådighet.
Dag 1:
Me kom oss seint avgårde på laurdagen, og var klare til å gå fra Botsheia i tolvdraget. Det pissregna, og me satt ei stund i bilane og manna oss opp før me traska i veg.
Fint og flott skogsterreng på første del av turen, stoppa innom Ulvaskoghytta og hadde litt kaffi og lunsj før me måtte ut i regnet igjen. Me var alle gjennomvåte allereie. Me gikk vidare, og passerte den flotte Preikestolhytta i lange klyv, her var det ein del som hadde lyst på kaffi og is, men me var jo tross alt allereie seint ute, så me labba vidare! Målet for dagen var Bakken. Me var våte og kalde når me satt oss inn i eit lite naust for å få i oss litt energi! Alle hadde glemt hanskar, så fingrane var frosne og kalde, resten var bare vått. Men nok om det. Me hadde med oss telt og det som trengtes for utendørs overnatting, men teltovernatting freista ikkje når me var så vasstrukne, så etter 20 minutt foringspause tok me fatt på siste etappen mot krypinnet på Bakken.
Me kom fram til Bakken rundt kl 20:00, eller iallefall nokre av oss. Ingve var i så god form i dag, at han la inn litt ekstra høgdemeter og lengdemeter (dog litt ufrivllig) på etappen. Så rundt 21:00 kom Ingve og Cato fram til ein oppvarma låve på Bakken. Dette må ver det skitnaste krypinnet turistforeningen tilbyr, det aller meste mangla, inkludert store deler av døra. Men me kosa oss, og fekk tørka deler av kleda før me kraup i posen.
Dag 2:
Vakna til eit pissregn ut av det villaste, så me låg lenge og lenger enn lenge, før me omsider var klare for å traske vidare. Kl 13:00 var me klare, omtrent fem timar etter skjema. Målet for dagen var Lysebotn, altså ein relativt dryg etappe når ein går med full oppakning. Cato byrja få problemer med kneet sitt, og etter å ha tenkt seg godt om, takka han for seg ved Songesand kai, og tok ferja tilbake. Me traska vidare oppover den asfalterte veien eit godt stykke, før me kom inn på sti igjen. Etter eit kort stykke sti, var det bare å cruise inn traktorvei fram til hytta i Songedal, der me ankom rundt kl 18. Planen var litt lunsj og kaffi her, før me skulle gå dei siste 2.4 mil mot Lysebotn.
Men sånn vart det ikkje. Hytta var så trivelig, og regnet så vått, så me blei sittande og drøse litt vel lenge i Songedal, og før me fekk tenkt oss om var det meste mørkt. Det vart tatt ein sjefsavgjørelse om å bli natta over! Og slik blei det. Sjefsavgjørelsar er ikkje å spøke med!
Dag 3:
Våkna til lettare ver, og var faktisk klar for å traske avgårde rundt kl 11! Fortsatt godt etter skjema, men skitt au! Dagens mål var nå litt uvisst, men først og fremst var planen å komme oss til Lysebotn. Dette er ein etappe på 2.4 mil i fint terreng. Etter omtrent halvgått etappe, ved linjehytte i Fyljesdal fekk me litt sol, og tok oss ein kaffidrøs og litt sukkerkick! Det verste med denne etappen var definitivt siste del (ca ei mil?) som går på asfaltert vei fra ca 600moh og ned til Lysebotn. Au i fotan! Nedoverasfalt med våte fjellsko og sekk = dårlig kombo. Rundt kl 18:00 var me ved venterommet i Lysebotn. Her var det varmt og godt, og me kokte oss litt kaffi og tok dagens dose mat! Det var duskregn og ei hekkans tåka over Kjerag, så då vart det slik at me kosa oss litt ekstra på venterommet, og bråttom kom sjefsavgjørelsen igjen! Då vart det slik at me bestemde oss for å feire nasjonaldagen i Lysebotn! Venterommet var jo tross alt særs koseleg, det var varme i golvet, vassklosett og all mulig luksus.
Så medan me titta ut, opp på tåkehavet og snøveret som piska på Kjerag, så blei det til at me steikte oss pizza på venterommet i Lysebotn, tok oss ein dram, og la oss til å kvile natta over.
Dag 4 – Nasjonaldagen:
Det var ingen barnetog eller korpsmusikk som vekte oss tidlig på morgenen i Lysebotn, men det kom ein bil og heisa flagget på kaien. Triveligt! Etter frokost og kaffi, låg det vel egentlig i lufta at me skulle ta ferja ut fjorden at. Det hadde blitt ein dryg etappe og gå heile sørsida, samt tilbake til bilen på Botsheia på ein dag. Så me venta på ferja.. Å guu som me venta.. Sidan det var 17. mai så gikk den visst bare ein tur om dagen. Og det var sjølvsagt den siste. Så kl 17:45 kom endelig ferja tøffande inn fjorden!
Det må ver den fredeligaste 17. mai-feiringa i manns minne! Herlig rett og slett!
Takk for turen!
ps: Det kommer både bilder og video fra turen! Stay tuned!























Siste kommentarer